<< Back

This job listing is no longer active.
Please use our Environment Jobs Search to find current vacancies.

Title

Snøfysikar

Posted
Reference   (Please mention Stopdodo/Environment Jobs in your application)
Sectors Hydrology, Hydrogeology, Water Resources
Location Norway - Europe
Type Fixed Term and Permanent Roles
Status Full Time
Level First Level
Deadline 06/01/2014
Company Name Polarinstituttet
Contact Name
Website Further Details / Applications
Polarinstituttet  logo
Also Listing:
Description

Snøfysikar

Norsk Polarinstitutt har ledig 100% fast stilling som forskar i snøfysikk, i seksjon for geologi og geofysikk i forskingsavdelinga. Vi søker ein forskar med brei bakgrunn frå snøfysikk og som ønskjer å bidra til å styrke vår krysofæreforsking.

 

Arbeidsoppgåver

Den som blir tilsett, skal gjennomføre observasjonar av snøens fysiske eigenskapar og bruke modelleringsteknikkar for å løyse aktuelle problemstillingar i den polare kryosfæren, som t.d. kva rolle sot spelar i klimasystemet, modellering av solstråling i snøen, teknikkar for fjernmåling av snø, snøprosessar på havis eller snøens rolle i terrestrisk biologi.

Arbeidet vil omfatte feltobservasjonar og eksperiment knytt til klimarelevante snøprosessar i dei terrestriske og marine polarmiljøa.

 

Kvalifikasjonar

Det krevst doktorgrad i geofysikk, glasiologi, atmosfærisk vitskap eller liknande fagområde. Det krevst også dokumentert erfaring frå arbeid innan snøfysikk og i modellering av snøens rolle i det polare kryosfæriske system. Det er ønskeleg med erfaring frå feltarbeid i polare strøk.

 

Vi søker ein kandidat med gode samarbeidsevner, som har interesse av å arbeide i både nasjonale og internasjonale miljø - på tvers av disiplinar. Den som blir tilsett, må kunne dokumentere publisering i relevante internasjonale fagtidsskrift og ha erfaring med innhenting av forskingsmidlar. Eit breitt, internasjonalt nettverk vil vera ein føremon.

 

Det krevst gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar. Viss vi tilset ein kandidat som ikkje beherskar norsk, må han/ho læra seg norsk innan rimeleg tid.

 

Generelt

Arbeidsstad er Tromsø. Stillinga blir lønna i kode 1109 eller 1110, lønnstrinn 57-68 (473 400 – 578 800 kr), etter kvalifikasjonar. Vi håper at den som får stillinga, kan starta raskt.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal så langt råd er spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar såleis alle kvalifiserte kandidatar med ulik utdannings-, arbeids- og livserfaring til å søke stillinga. Norsk Polarinstitutt er ei IA-verksemd. I dette ligg det bl.a. at vi vil tilretteleggja arbeidsplassen dersom det er behov for det. Personar med innvandrarbakgrunn og kvinner oppmodast til å søke stillinga.

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til forskingsdirektør Nalan Koc, tlf. 990 32 721, e-post: koc@npolar.no, seksjonsleiar for geologi og geofysikk, Elisabeth Isaksson, tlf. +47 77 75 05 15, e-post: isaksson@npolar.no, eller seksjonsleiar for hav og havis, Sebastian Gerland, tlf. 77 75 05 54, e-post: gerland@npolar.no.

 

Søknadsfrist er 6. januar 2014. Søknad må sendast elektronisk via www.jobbnorge.no. Søknaden skal innehalda CV, namn på minst to referansar, publikasjonsliste og relevante kvalifikasjonar/erfaringar.

 

All informasjon blir behandla konfidensielt fram til søknadsfristen går ut. Instituttet utarbeider så ei offentleg søkarliste. Søkarar som ikkje ønskjer å stå på lista, må grunngje dette særskilt i søknaden. Etter den nye offentleglova kan opplysningar om søkaren gjerast offentlege sjølv om søkaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkarlista, jf. offentleglova § 25, andre leddet.

Add to My Account
<< Back